Nynorsk Wikipedia

Ein viktig del av digitaldugnadssatsinga, er å auka omfanget av artiklar på den nynorske versjonen av Wikipedia. Det kan du bidra til på fylgjande to måtar:

A) ved å skriva eigne, nye artiklar på Nynorsk Wikipedia.

eller

B) ved å finna ein Wikipedia-artikkel på eit anna språk, kopiera innhaldet over i ein nyoppretta artikkel på Nynorsk Wikipedia, og omsetja innhaldet til nynorsk.

Uansett om du vil bidra med A eller B eller båe delar, kan det vera nyttig for deg å …

oppretta ein brukarprofil på Wikipedia

… sjå over retningslinene deira

… læra korleis du kan oppretta ein ny artikkel

… sjå gjennom etterspurte artiklar

Det er i grunnen ganske så enkelt. Prøv!

(Og hugs gjerne å melda inn bidraga dine 🙂 )

2 tankar om “Nynorsk Wikipedia

  1. Nynorskartiklar ventar ein å finna på nn.wikipedia.org. Tilsvarande for bokmål: nb.wikipedia.org. Men slik er det ikkje! Nettstaden no.wikipedia.org gjev oss berre bokmålsartiklar.

    Ein bør vurdera å ta opp (igjen) saka med at bokmålsbrukarane i Wikipedia har okkupert LANDSkoden «no» i staden for å nytta den rette SPRÅKkoden «nb».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *