Kva er dette?

Nynorsk digitaldugnad er ei av Norsk Målungdom sine hovudsatsingar i arbeidsperioden 2011-2012.  I arbeidsprogrammet vårt heiter det:

Me skal engasjera tenestetilbydarar, aktivistar og nynorskbrukarar i ein felles innsats for nynorsk vekst i den digitale verda. Innsatsen skal i fyrste rekkje rettast mot populære og mykje brukte nettenester (til dømes Wikipedia, nett-torg, nettbankløysingar, og liknande), sosiale media og ordlister for mobiltelefonar. NMU skal arbeida for å spreia tospråklege ordbøker og fagterminologi på nynorsk på internett.

Det er nettopp dette det handlar om. Tanken bak dugnad.nynorsk.no er at det skal vera ein dugnadssentral, der kven som helst kan finna noko å bidra til. Me set også stor pris på at du melder inn bidraga dine undervegs (sjå «Meld inn bidrag» i menyen), både for at det skal vera mogleg å få eit oversyn over det som vert gjort, og fordi det vil gjera det lettare å synleggjera innsatsen overfor bidragsytarar og andre.

I menyen finn du også rettleiingar til korleis du kan vera med og bidra på ulike område. No i byrjinga har me avgrensa oss til nokre få, men vonleg får me på plass fleire ting etter kvart. Særleg håpar me på å kunna leggja til rette for omsetjing av diverse kommersielle tenester (som nemnt i arbeidsprogrammet. Nettbankløysingar, til dømes.), men dette kjem altså etter kvart.

I mellomtida er det meir enn nok å gripa tak i. Tusen takk for at du vil vera med og bidra!

3 tankar om “Kva er dette?

  1. Hei

    Godt initiativ. Eg rår til at dykk tar kontakt med dei aller største nettstadene, som gmail, google docs etc og ber om å få hjelpe til å omsette desse til nynorsk. Det kan og vere verd å ta ein titt på dei mest brukte appane til iPhone og Android og få opp prosjekt på å omsette dei. Det er viktigast å starte med høgfrekvente program på ulike plattformar.

    • Hei, Pål Julius!

      Me har allereie store planar om å få fleire storfiskar på kroken, og har vore i kontakt med fleire. Så snart me får noko fornuftig svar ut frå dei, seier me i frå. 🙂 (I alle fall når svara er positive – me får heller ta ei vurdering på kor vidt me skal «hengja ut» dei som svarer nei når/dersom nokon avslår ;))

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *