Filmtekst

Lei av filmtekstar på bokmål eller engelsk? Då er det berre å ta saka i eigne hender: Det finst bøttevis av filmtekstfiler ute på verdsveven, og det er berre å omsetja dei. Slik gjer du:

1) Finn ei samleside for undertekstar på nettet. Det vrimlar av slike sider. Eit døme er Open Subtitles. Eller så kan du googla «undertekst» eller «subtitles», og velja og vraka.

2) Søk opp filmen du vil ha nynorsk tekst på.

3) Last ned teksten på det språket du føretrekkjer å omsetja til nynorsk frå, anten det er bokmål, engelsk eller anna.

4) Omset fila til nynorsk. Vanlegvis kan du bruka Notisblokk e.l., men om du vil ha eit litt meir tilpassa program, så kryr det av undertekstprogram. Eitt døme kan vera Gaupol.

5) Legg fila ut på diverse samlesider for undertekstar. Du kan gjerne også senda lenkene til oss (dugnad@nynorsk.no), så kan me spreia dei vidare. 🙂

5 tankar om “Filmtekst

  1. Dei fleste filmtekstar er truleg verna av opphavsrett. Om ein legg ut slikt ombrukt materiale på nettsidene sine kan ein få nærgåande merksemd frå digre multinasjonale verksemder med ein bråtar av advokatar på lønningslistene.

    • Hei, Jorunn!

      Eg er ingen jurist, men så vidt eg kan forstå er det ikkje ulovleg å leggja ut ei fil med sjølvprodusert tekst? Hadde me snoka til oss originaltekstane frå filmdistributøren, så ville noko saka stilt seg annleis.

      Sjå til dømes på http://www.opensubtitles.org/no/disclaimer :

      «OpenSubtitles.org («this website») offers direct downloads off our own server. These files are NOT illegal warez downloads, we only offer files that we believe we are free to redistribute.»

      Men for all del – me kan jo ta nokre forholdsreglar. Eg skal justera litt på ordlyden i punkt 5. 🙂

  2. Så lenge ein har produsert teksten heilt sjølv kan ein sjølvsagt gjere kva ein vil med han. Men omsetjingar byggjer på ein tekst. Og den har vern.

    Ved omsetjingar vil både den opphavlege forfattaren og omsetjaren ha opphavsrettar knytt til den omsette teksten.

    • Som sagt, eg vil ikkje vera for skråsikker her, men eg trur verkeleg ikkje det er noko lovstridig i å dela undertekstar som ein har omsett sjølv. Det er jo ikkje akkurat snakk om å gje ut ein annan sitt andsverk i sitt eige namn her – det er snakk om å gjera andsverket (og dermed innteningsmoglegheitene til opphavsmannen/-kvinna) tilgjengeleg for ei ny språkgruppe. Utan at eg har vore i kontakt med advokat sjølv, kan eg t.d. visa til mannen bak undertekster.no, Thomas Gabrielsen, sitert i ITavisen 11. mai 2010:

      «- Før jeg startet nettstedet så har jeg vært i kontakt med advokat og hatt en full research angående lovligheten av dette. Det er ikke ulovlig å dele tekster, så lenge jeg ikke deler noe som helst av piratvare (som jeg ikke gjør) og ikke linker til eksterne nettsider som driver ulovlig, linker til filmer osv. for nedlastning, forklarer Gabrielsen til ITavisen.no.»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *