Om Vebjørn

24 år, frå Stavanger, leiar. Aktiv målungdom sidan 2004. Går aldri av vegen for ein blaut vits.

Mobilbank på nynorsk!

Som enkelte har kommentert: Innsatsen frå «vår» – som i sentrallekken i NMU – si side, har vore noko redusert i det siste. Dette er fyrst og fremst ein konsekvens av at dei av oss som ikkje har vore nedlessa med eksamensførebuingar, har vore høvesvis bortreiste (i nynorskens teneste, såklart) og sjuke. Det tyder ikkje at dugnaden på nokon måte er lagt på is, det tyder berre at me kjem sterkare tilbake no når reisetida er over og eksamen snart forbi. 🙂

MEN, i mellomtida har me SÆRS gledelege nyhende: Sparebank1 har like greitt omsett sin eigen mobilbank til nynorsk! Stort betre førjulsgåve kunne me vel knappast ha fått frå den kanten. Sjå berre her:

Mediemerksemd

Me skriv dag 1, og media har alt byrja ta tak i saka. I skrivande stund har me oppslag hjå NRK og Framtida, og i tillegg opna kalaset med at me hadde hovudinnlegget på debattsidene i Bergens Tidende. Det sistnemnde ligg ikkje ute på nett, så for dei som er interesserte, legg me ut innlegget også her:

Å ta språket i eigne hender

Digital teknologi er ei språkleg gullgruve. Ei heil verd av informasjon formeleg ventar på å bli omsett og gjort tilgjengeleg på nynorsk – og kven som helst kan vera med og bidra. Velkomen til den nynorske digitaldugnaden.

Sjølv me som kallar oss ungdom, hugsar korleis dommedagsprofetiane buldra då datamaskinar, mobiltelefonar og internett for alvor blei allemannseige. Ikkje minst språkleg: Med internett ville engelsken, og etter kvart også bokmålet, fløyma ut av monitorane og drukna alt som fanst av nynorsk og nynorskbrukarar. Og me skal vel ikkje sjå vekk i frå at enkelte skjelv litt av denne frykta framleis.

På eitt vis var reaksjonen forståeleg. Då desse tinga var nye, var der ikkje mykje nynorsk å spora i den digitale verda. Wikipedia var knappast påtenkt, fleirspråksfunksjonalitet for nettsider var framandord, og det heitte ikkje nettlesar, det heitte web browser. Då saker og ting fyrst byrja koma på norsk, så var norsk i tydinga bokmål. Det er klart det kunne sjå mørkt ut, særleg for dei som ikkje visste kva slags teknologi som var i emning.

I dag ser landskapet ganske annleis ut. Operativsystemet helsar meg velkomen, Facebook gjev meg siste nytt frå venekrinsen i nyhendestraumen, og stavekontrollen minnar meg høfleg om korleis feilskrivne ord eigentleg skal stavast. Og skulle eg ynskja å bli klokare på noko vis, så ligg der ikkje mindre enn to nynorske nettleksikon – i stadig vekst – der ute og ventar på meg.

Ikkje nok med det: Mengda av nynorsk programvare berre aukar. Fleire operativsystem finst på nynorsk, det same gjer diverse kontorstøtteprogram, nettlesarar og e-postlesarar. Om du toler litt ruskete språk, kan du også – ved hjelp av surf-og-omset-funksjonen til omsetjingsprogrammet Apertium – få bokmålsnettstadene du surfar på omsette til nynorsk på direkten.

Dette er berre eit lite knippe med døme på ei utvikling som heilt kort kan oppsummerast slik: Meir og meir blir lettare og lettare tilgjengeleg på fleire og fleire språk.

Eg ser tre hovudgrunnar til at det har blitt slik. For det fyrste har teknologien gjort det mogleg. For det andre har fleire selskap innsett konkurransefordelen i å tilby produkt og tenester på språket til brukaren. For det tredje har vanlege folk, i vårt tilfelle nynorskbrukarar – både i og utanfor den organiserte målrørsla – brukt fritida si på å omsetja programvare, skriva artiklar på Nynorsk Wikipedia, og på andre måtar brukt teknologien til å skapa meir nynorsk på nettet. Nettopp denne typen dugnad ynskjer 50-årsjubilanten Norsk Målungdom å dyrka endå meir gjennom satsinga nynorsk digitaldugnad, som me lanserer i dag.

Eg har aldri trudd på dei som har spådd nynorskens undergang, uansett om grunngjevinga deira har vore den digitale revolusjonen eller den generelle språkutviklinga, som om det sistnemnde liksom var ein eigenrådig og upåverkeleg organisme. Språkhistoria viser det ganske enkelt: For hundre og tretti år sidan var nynorsken ikkje eingong eit offisielt skriftspråk. I dag, relativt kort tid etter, er han eit kvardagsspråk for rundt 600 000 menneske. Dette seier oss fyrst og fremst at det er lite som er umogleg. Korleis språksituasjonen vil sjå ut om ti, tjue, femti og hundre år, kjem an på kva me gjer i dag, i morgon, i overimorgon, og korleis me nyttar dei sjansane me får.

Med teknologien har me fått ein gyllen sjanse til å ta språket i eigne hender. Så då gjer me det. Og du er hjarteleg velkomen på laget!

Vebjørn Sture
nestleiar i Norsk Målungdom

Målungdommen lanserer digitaldugnad

Pressemelding frå Norsk Målungdom, 18.10.2011

Norsk Målungdom lanserer i dag satsinga som har fått namnet Nynorsk digitaldugnad. Dei unge nynorskforkjemparane ønskjer å leggje til rette for at kven som helst skal kunne bidra i arbeidet med å nynorskifisere den digitale verda.

– Planen er å engasjere tenestetilbydarar, vanlege nynorskbrukarar og våre eigne aktivistar og medlemer i ein felles innsats for digital nynorskvekst, seier Vebjørn Sture (23), nestleiar i Norsk Målungdom. Han vonar satsinga vil samle både nye og gamle nynorske internettaktivistar.

– Det er mange nynorskingar der ute – både i og utanfor målrørsla – som har lagt ned mange timars gratisarbeid på fritida for å omsetje nettsider, programvare og applikasjonar til nynorsk. Med Nynorsk digitaldugnad ønskjer vi å styrkje det arbeidet, både gjennom å rette søkjelyset mot det, og gjennom å rekruttere fleire bidragsytarar, forklarer Sture.

Som ein paraply for prosjektet, har Målungdomen oppretta ein eigen dugnadssentral på nettet, under den høvelege adressa dugnad.nynorsk.no. Dugnadssentralen skal fungere som rettleiing for dei som vil bidra, men kanskje ikkje veit heilt korleis, og som utstillingsvindauge for alt det som blir gjort.

– Vi håpar folk bruker kommentarfelta til å skryte litt av seg sjølve når dei har bidrege med noko. Det å få sjå at andre også er med og dreg lasset, verkar ekstra inspirerande for alle, smiler Sture.

I første omgang blir dugnaden konsentrert om å bidra på Nynorsk Wikipedia, omsetje filmtekstar og omsetje fri programvare. NMU-nestleiaren varslar alt no at satsinga skal utvidast utover hausten og vinteren.

– Vi er særleg interesserte i å omsetje fleire tenester innanfor sosiale media. Likeins håpar vi også at vi får tilbydarar av ulike nettbanktenester og mobilordlister med på laget, slik at dei kan leggje til rette for dugnadsomsetjing av tenestene sine. Desse tinga kjem vi tilbake til så snart vi får på plass avtaler med tenestetilbydarane, lovar Sture.

For meir informasjon:

Vebjørn Sture, nestleiar i Norsk Målungdom
tlf: 924 16 527
e-post: vebjorn@nynorsk.no

Siste nytt

Framheva

Velkomen til Nynorsk digitaldugnad! Under her kjem diverse oppdateringar, nyhende og andre meldingar undervegs og etter kvart. Fylg med! 🙂