Mobilbank på nynorsk!

Som enkelte har kommentert: Innsatsen frå «vår» – som i sentrallekken i NMU – si side, har vore noko redusert i det siste. Dette er fyrst og fremst ein konsekvens av at dei av oss som ikkje har vore nedlessa med eksamensførebuingar, har vore høvesvis bortreiste (i nynorskens teneste, såklart) og sjuke. Det tyder ikkje at dugnaden på nokon måte er lagt på is, det tyder berre at me kjem sterkare tilbake no når reisetida er over og eksamen snart forbi. 🙂

MEN, i mellomtida har me SÆRS gledelege nyhende: Sparebank1 har like greitt omsett sin eigen mobilbank til nynorsk! Stort betre førjulsgåve kunne me vel knappast ha fått frå den kanten. Sjå berre her: