Mediemerksemd

Me skriv dag 1, og media har alt byrja ta tak i saka. I skrivande stund har me oppslag hjå NRK og Framtida, og i tillegg opna kalaset med at me hadde hovudinnlegget på debattsidene i Bergens Tidende. Det sistnemnde ligg ikkje ute på nett, så for dei som er interesserte, legg me ut innlegget også her:

Å ta språket i eigne hender

Digital teknologi er ei språkleg gullgruve. Ei heil verd av informasjon formeleg ventar på å bli omsett og gjort tilgjengeleg på nynorsk – og kven som helst kan vera med og bidra. Velkomen til den nynorske digitaldugnaden.

Sjølv me som kallar oss ungdom, hugsar korleis dommedagsprofetiane buldra då datamaskinar, mobiltelefonar og internett for alvor blei allemannseige. Ikkje minst språkleg: Med internett ville engelsken, og etter kvart også bokmålet, fløyma ut av monitorane og drukna alt som fanst av nynorsk og nynorskbrukarar. Og me skal vel ikkje sjå vekk i frå at enkelte skjelv litt av denne frykta framleis.

På eitt vis var reaksjonen forståeleg. Då desse tinga var nye, var der ikkje mykje nynorsk å spora i den digitale verda. Wikipedia var knappast påtenkt, fleirspråksfunksjonalitet for nettsider var framandord, og det heitte ikkje nettlesar, det heitte web browser. Då saker og ting fyrst byrja koma på norsk, så var norsk i tydinga bokmål. Det er klart det kunne sjå mørkt ut, særleg for dei som ikkje visste kva slags teknologi som var i emning.

I dag ser landskapet ganske annleis ut. Operativsystemet helsar meg velkomen, Facebook gjev meg siste nytt frå venekrinsen i nyhendestraumen, og stavekontrollen minnar meg høfleg om korleis feilskrivne ord eigentleg skal stavast. Og skulle eg ynskja å bli klokare på noko vis, så ligg der ikkje mindre enn to nynorske nettleksikon – i stadig vekst – der ute og ventar på meg.

Ikkje nok med det: Mengda av nynorsk programvare berre aukar. Fleire operativsystem finst på nynorsk, det same gjer diverse kontorstøtteprogram, nettlesarar og e-postlesarar. Om du toler litt ruskete språk, kan du også – ved hjelp av surf-og-omset-funksjonen til omsetjingsprogrammet Apertium – få bokmålsnettstadene du surfar på omsette til nynorsk på direkten.

Dette er berre eit lite knippe med døme på ei utvikling som heilt kort kan oppsummerast slik: Meir og meir blir lettare og lettare tilgjengeleg på fleire og fleire språk.

Eg ser tre hovudgrunnar til at det har blitt slik. For det fyrste har teknologien gjort det mogleg. For det andre har fleire selskap innsett konkurransefordelen i å tilby produkt og tenester på språket til brukaren. For det tredje har vanlege folk, i vårt tilfelle nynorskbrukarar – både i og utanfor den organiserte målrørsla – brukt fritida si på å omsetja programvare, skriva artiklar på Nynorsk Wikipedia, og på andre måtar brukt teknologien til å skapa meir nynorsk på nettet. Nettopp denne typen dugnad ynskjer 50-årsjubilanten Norsk Målungdom å dyrka endå meir gjennom satsinga nynorsk digitaldugnad, som me lanserer i dag.

Eg har aldri trudd på dei som har spådd nynorskens undergang, uansett om grunngjevinga deira har vore den digitale revolusjonen eller den generelle språkutviklinga, som om det sistnemnde liksom var ein eigenrådig og upåverkeleg organisme. Språkhistoria viser det ganske enkelt: For hundre og tretti år sidan var nynorsken ikkje eingong eit offisielt skriftspråk. I dag, relativt kort tid etter, er han eit kvardagsspråk for rundt 600 000 menneske. Dette seier oss fyrst og fremst at det er lite som er umogleg. Korleis språksituasjonen vil sjå ut om ti, tjue, femti og hundre år, kjem an på kva me gjer i dag, i morgon, i overimorgon, og korleis me nyttar dei sjansane me får.

Med teknologien har me fått ein gyllen sjanse til å ta språket i eigne hender. Så då gjer me det. Og du er hjarteleg velkomen på laget!

Vebjørn Sture
nestleiar i Norsk Målungdom

8 tankar om “Mediemerksemd

  1. Tenk på alle kreftene som renn bort i ingenting når me i rettskrivingskaoset lyt slåst om rettskriving og ordval, avdi «nynorsk» femner alt, til og med bokmålsnær samnorsk. Berre tanken på ein slik dugnad når me må kivast om korleis me skal skriva, gjer at eg misser all lyst. Det som i utgangspunktet hadde vore eit godt tiltak, vert berre eit tiltak for folk med serleg interesse.

    • Hei, Målmann!

      Trist å høyra at du opplever det slik, men eg vil gjerne understreka at det er mykje arbeid her som ikkje treng rettskrivingskoordinering. Når du t.d. omset ein Wikipedia-artikkel, så er det oftast såpass lite arbeid at éin person tek seg av den spesifikke artikkelen, og då står du jo fritt til å velja dei formene du føretrekkjer utan å måtta krangla med nokon andre om det.

      Lat meg også leggja til at du er ikkje den einaste som er mett av rettskrivingsstrid. Eg har sjølv fått meir enn nok av det, og det veit eg at gjeld for mange andre også. I det minste kan eg lova deg at me er mange som er interesserte i å bruka mest mogleg tid på sjølve dugnadsarbeidet, og minst mogleg tid på kiving om formval.

      • Takk for svar.

        Berre så det er sagt. Eg talar ikkje om korleis Språkrådet normerer nynorsken. Det er ei heilt anna sak, eit anna ordskifte. Eg talar om kva for val personar gjer innanfor offisiell nynorsk. Her er nok ikkje mange leie. Her likar nok 90 % av nynorskbrukarane å kivast om korleis dei skal skriva, og me hamnar ofte på eit personleg plan. Korleis ein annan person uttalar det og det ordet, må eg seia er heilt uinteressant for meg. Kompromisset blir ofte at ulike former alternerer i ei og same tekst.

        • Eg opplever det nok litt annleis. Visst er nokre opptekne av «sine former», men eg har ikkje inntrykk av at det gjeld eit overveldande fleirtal.

          Men kor som er: Mykje arbeid kan som sagt gjerast på eiga hand (t.d. Wikipedia-artiklar), utan innblanding frå andre. Og når me vonleg får på plass tilrettelegging for å omsetja større ting, så er det vel ikkje så usannsynleg at den som eig tenesta vil leggja visse rammer for målføringa, slik at me slepp å bruka kreftene våre på det.

  2. Nydeleg tiltak! Eg kan nemne at eg har bidrege med å ha oversett fleire innstikk til WordPress til nynorsk siste åra (har diverre ikkje klart å fylgje det opp i nye versjonar), samt halde meg til dette målføre i mi digitale verd (twitter, facebook og e-postutveksling).

    Eg har diverre ikkje flust av tid til overs i næraste framtid, men godt å sjå at det er noko der ute som legg sjela si i det og tek nynorsken eit steg vidare! Eg stiller opp ved ledige høve!

  3. Tilbakeping: the unborn chikken · Nynorsk digitaldugnad

    • Hei, Pål Julius!

      Det har ikkje vore noko særleg med presseoppslag sidan lanseringa og dagane rett etter, men det har me vel heller ikkje kalkulert med. Fram til me når ein milepåle av noko slag, som kan presenterast som eit nyhende, trur eg ikkje media er interesserte i å laga reprisesaker frå oktober.

      MEN, det tyder ikkje at ingenting har skjedd. Det viktigaste som skjer i dugnaden er jo nettopp dugnadsarbeidet, og jamvel om det lir litt under eksamens-/tentamenspress i endå eit par veker, så har til dømes Studentmållaget i Oslo har skipa til dugnadskveld for sine aktivistar. Det som kanskje er mest tydeleg, er at me må verta flinkare til å skriva om slike ting sjølv her, i tillegg til at me må masa meir for å få folk til å melda frå når dei gjer noko. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *